• Hjem
  • Historie
  • Logo
  • Fasiliteter
  • Kontakt

Historien til vorpenes gård

Bli kjent med Vorpenes gård på 1-2-3!

1600
Garden Vorpenes, eller Gjerdet som det vart sagt i bygda, er skilt ut frå Nesset prestegard i første halvdel av 1600-talet. Det var lenge nære band mellom desse gardane. Begge var kyrkjegods.
1763
I 1763 greidde holzførster Hans Peter Schnitler, ved hjelp av eit makeskifte, å få skjøte på garden, tinglese 28. juni 1765. Med dette vart garden ein embetsmannsgard, og det var her H. P. Schnitler skreiv “Beskrivelse over Romsdals Fogderie 1768 og 1789”. Schnitler-familien åtte så garden i 111 år gjennom fire generasjonar. To av desse var kapteinar. Derfor blir garden i enkelte kjelder omtala som “Chefsgård”.
1848
Den mest markante eigaren på 1800-talet var kaptein Ebbe Carsten Schnitler, rivalen til sokneprest Peder Bjørnson. Det er temmeleg sikkert at det er i hans tid at huset fekk det eksteriøret som det har i dag. I ein branntakst frå 1848 er det notert at på kjøkkenet var det skorstein av gråstein “med Komfyrindretning og Stegerovn”. Det var elles mange “Jernkakkelovne” rundt om i huset.
1855
I 1855 var det ny takst. Einaste grunnen til at det vart halde ny takst, var at huset då hadde fått skifertak. Dette var då så nytt og uvanleg at det bak skifertak står “Stenheller”, slik at det ikkje skulle vere tvil om kvaliteten. Dette er det eldste kjende skifertaket på landsbygda i Romsdal. Nesset prestegard fekk skifertak i 1911. Skiferhellene har rombisk form, og den forma gjekk stort sett ut på 1800-talet. Utifrå dette er det truleg at det er originalsteinen som framleis ligg på taket.
1865
Ved folketeljinga i 1865 budde det 14 personar på garden. Peter Schnitler var ungkar. Han hadde 1 tenestekar og 3 tenestejenter, 1 hushalderske, 4 lærarskoleelvar, to losjerande, eit barn og eit fattiglem buande hos seg.
1874
I 1874 kjøpte Torstein Blikås (Vorpenes) garden, og etter det har gardsdrift vore hovudnæringa.
1878
Nesset Sparebank ble stiftet på Vorpenes. Torstein Vorpenes var en av stifterne.
1922
I 1922 reiste arkitekt Kaare Vedeler Jürgens rundt om i Romsdal for å sjå kva som fanst av gammal “profanarkitektur” i fogderiet. Ei av dei bygningane han besøkte, var våningshuset på Vorpenes. i I Årboka for Fortidsminneforeninga 1922 skriv han m.a.: “Hovdbygningen skriver sig, efter et i en taksperre indhugget aarstal, fra 1730”.
1923
I 1923 ble huset freda av Riksantikvaren. Det er utan tvil arkitekt Jürgens omtale av huset i Årbok 1922 som gjorde at det vart freda.
1979
Det har vore fleire ulike eigarar på 1900-talet. Det er etterkommarar av desse eigarane som utgjer Foreningen Vorpenes gard og som kjøpte garden i 1979 med tanke på bevaring og restaurering.
1985
På midten av 80- og begynnelsen på 90-tallet var dette den største enkeltsatsinga til Riksantvikaren i Møre og Romsdal.Vorpenes fikk støtte av Skap-M reformen gjennom kommunen og fikk derfor inn håndverkere for arbeid for trygd over flere år.
2006
I 2006 ble det fattet vedtak i styret om å ferdigstille/restaurere eksteriøret, det ble søkt til Riksantvikaren om midler, og det ble delvis privat finansiert av stiftelsen. Hele vestre loftsfløy ble restaurert, vegger malt og tapetisert iht. strenge retningslinjer. Dører i hele huset ble demontert og noen av de ble totalrestaurert fra hengsler, dørlåser og vridere, karmer og kledninger. Loftstrapp i hall ble restaurert og malt opp og det ble bygget mat- og vinkjeller under trappa slik det var fra gamle dager.
2008
I 2008 ble bygningen brannsikret, i tilegg ble det lagt ned tank med 50 000 liter slokkevann nedenfor den gamle stallen/saga, brannapparater og brannslange installert.
2013
Olbjørn Kvernberg, etterkommer av Torstein Vorpenes, tok over Vorpenes for å ta vare på denne unike bygningen. Etter overtagelsen er stabburet totalrenovert. Vorpenes er fortsatt til leie for familiebegivenheter, kurs/konferanser og kulturell aktivitet.

VORPENES AS, 6460 Eidsvåg • Tlf. 913 70 899 • olbjorn@geodata.no

 

Personvern og cookies

Design og CMS levert av EKH.no